JUBILEUMSSIDE: NFF Sogn og Fjordane | 100 års jubileum | Trolladalen 26, 6856 Sogndal
Eid Fotball rundt 1960
NFF Sogn og Fjordane fyller 100 år 30.april 2022.
Norges Fotballforbund vart skipa i 1902, og Sogn og Fjordane Fotballkrets i 1922, men fotballspelet var utbreidd fleire stader i fylket før den tid. Det var i Florø og på Nordfjordeid at det heile starta: Historikaren og offiseren Edvard Os fortel at det første fotballaget på Nordfjordeid vart skipa i 1900 eller 1901 av Martin Myklebust, som hadde fått inspirasjonen frå Bergen. Dette Eida-laget spela same året sin første kamp mot eit nyskipa lag frå Florø. Florø Fotballklubb vart formelt skipa 1912, og spela året etter mot Brann i Bergen.
Styret i NFF Sogn og Fjordane har vedteke å starte jubileumsmarkeringa alt i 2021, og på denne sida vil vi presantere dei store hendingane i jubileumsåra 2021-2022.
ALLE bilder som blir delt med NFF Sogn og Fjordane
kan du sjå på linken under:
NFF Sogn og Fjordane er på leit etter gamle bilder / film (spolefilm eller kassettopptak) som kan brukast i samband med vårt 100 års jubileum.
Kan du/de hjelpe oss?
Slik kan du levere materiellet:
NB! Fint om bilda er kreditert fotograf, og at de er tekst. Teksten kan vere situasjon, årstal og namn på personar.
ELLER:
Post:
NFF Sogn og Fjordane
Trolladalen 26
6856 Sogndal
Personlig overlevering:
NFF Sogn og Fjordane
Fosshaugane Campus
6856 Sogndal
Retur: Alt som vert sendt inn via brevpost og personlig overlevert blir returnert, etter at vi har digitalisert matriellet.
OFFENTLIG ALBUM :
NFF SOGN OG FJORDANE TRENG DI HJELP :
Haust 2021
Prestisjetung kåring saman med NRK Vestland
I 2021 startar vi med å kåre hundreårets utøvar, ei prestisjetung kåring. Vi vil dra fram gamle og nye heltar og dvele litt med desse. Alle profilar i si tid, viktige i klubben, viktige for kretsen, og kanskje for Norge, men kven var best?
NRK Sogn og Fjordane presanterar 1 utøvar kvar dag frå 1.november 2021. Totalt er 12 utøvarar nominert til denne gjeve prisen, og når presentasjonane er gjennomført kan DU bli med å stemme på din favoritt via nettsak med avstemming.
Høyr presentasjonane hos NRK Sogn og Fjordane:
(Velg tidspunkt for å finne innslaget)
Kandidat 1 : Jostein Flo
Kandidat 2: Margunn Humlestøl Haugenes
Tidlegare Sogndalsspelar og sportsprofil Jon Navarsete vil på jubileumstingkvelden 27.11.2021 ha kåseri om «Historia i 100». Tidslinja, profilane, dei gode historiene, bilete og film. Vi gleder oss alt.
Vi utfordrar fotballfamilien til å sende bilete, film og video. Det vi nyttar blir digitalisert, og brukt i løpet av jubileumsåra. Alt som blir sendt inn blir returnert. Vi har også samarbeid med medialinja på Sogndal VGS.
Kåseri ved Sogndalspelar og sportsprofil Jon Navarsete
Foto: Sognavis | Hanne Stedje
Foro: xx
Vår 2022
Aldersbestemt landskamp
NFF Sogn og Fjordane arbeider med å få ein aldersbestemt landskamp til fylket vårt i jubileumsåret.
Kretsligarunde med jubileumstiltak på ulike arenar.
Serierunde 3.divisjon kvinner og 4.divisjon menn
Foro: xx
Tur i Norge eller utlandet
NFF Sogn og Fjordane har gjennom mange år hatt klubb-utvikling i fokus. Dette arbeidet vil framleis ha stort fokus i komande strategiplan periode. Klubben er ein viktig utviklingsarena og kretsen ynskjer å legge til rette for klubbutvikling i alle klubbar i Sogn og Fjordane uavhengig av størrelse.
Kretsen ynskjer i jubileumsåret å invitere til ein flott innanlandstur, eller om Covid-19 situasjonen tilltet, ein utenlandstur. Vi har i mange år reist på tur med anten klubbleiarar, trenarar eller dommarar.
Målet med desse turane er å styrke deltakrane sine nettverk. I tillegg skape ein møteplass for fagleg og sosial utvikling, og gje spesifikk kunnskap innan viktige fagfelt.
Kretsen ønskjer å auke statusen på leiarverv og utvikle fotballen sin posisjon i lokalsamfunnet. I åra som kjem vil kretsen sin utviklingsstrategi i stor grad skje gjennom kvalitetsklubbprosjektet, og kretsen sitt mål er at så mange klubbar som mogeleg blir med i dette utviklingsarbeidet.
Sparebanken Sogn og Fjordane er med på laget som vanleg, og dei gjev oss økonomisk stønad til å gjennomføre denne flotte turane/samlingane.
NFF Sogn og Fjordane | 100 års jubileum | Trolladalen 26, 6856 Sogndal
Opphavsrett © NFF Sogn og Fjordane
Design og implementasjon: Pønske AS